For arrangører
Forskningsdagene
Nasjonal ledelse Forskningsdagene,
Norges forskningsråd,
Postboks 564,
1327 Lysaker,
telefon 22 03 74 44,
forskningsdagene(at)
forskningsradet.no


Facebook
Forskningsdagene

Fellesmøter

Det nasjonale sekretariatet til Forskingsdagane arrangerer to årlege møte som er opne for alle arrangørane og andre interessentar: Eit kick off i mars eller april og eit evalueringsmøte i november.

Føremålet med møta er å skape eit nettverk der arrangørar kan møtast og utveksle erfaringar, samtidig som dette er viktige forum for informasjon frå sekretariatet.

Kick off-møta er lagde til ei tid på året da planlegginga av året er i startfasen. Vi gjester ein forskingsfestival i utlandet eller noko anna som kan inspirere arrangørane, til dømes ein by med universiteter og museer som passar til årets tema. Vidare står sekretariatet for ein del der vi presenterer informasjon om den kommande festivalen og idear til korleis temaet kan brukast i praksis. Deltakarane blir også involverte i prosessar sekretariatet jobbar med for Forskingsdagane på nasjonalt plan. Kick off går vanlegvis over tre dagar, i februar, mars eller tidleg april.

I 2017 går kick off-turen til Belfast der vi skal sjå på NI Science Festival, dne årlege festivalen for naturvitskap, teknologi og matematikk i Nord-Irland. Mer informasjon finn du her. 

evalueringsmøtet i november blir medieanalysen og andre evalueringar presenterte. Vi ser óg på nokre av prosjekta frå festivalen som ligg bak oss, gode eksempel på arrangement frå arrangørar over heile landet og vi drøftar idear for neste år. Evalueringsmøta går vanlegvis over to dagar, med ein felles middag på dag 1.

I 2017 blir evalueringsmøtet 23. og 24. november.