For arrangører
Forskningsdagene
Nasjonal ledelse Forskningsdagene,
Norges forskningsråd,
Postboks 564,
1327 Lysaker,
telefon 22 03 74 44,
forskningsdagene(at)
forskningsradet.no


Facebook
Forskningsdagene

Nominer dine kandidatar no!

10.05.2016

Forskingsrådet deler årleg ut fire prisar til forskarar. Kjenner du nokon som har utmerkt seg med forsking av høg kvalitet, fagleg nyskaping, eller med særs god kommunikasjon om resultat frå eige fagfelt?

Eller kjenner du nokon som har utnytta forskingsresultat og skapt forskingsbasert innovasjon med Forskingsrådets verkemidler?

Send oss i så fall dine forslag.

Prisane er:

Pris for framifrå forsking
Prisen skal lønne høg kvalitet i forsking, nasjonalt og internasjonalt, og femner alle fag og disiplinar, inkludert tverrfaglege miljø. Han kan gå til ein enkeltforskar eller til ei gruppe av forskarar.

Formidlingsprisen
Prisen blir gitt til ein forskar som har utmerkt seg med levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt.

Pris for unge framifrå forskarar
Prisen skal lønne høg kvalitet, sjølvstende og fagleg nyskaping, og skal stimulere prisvinnaren(-ane) tidleg i karriera til vidare innsats og satsing på forsking.

Innovasjonsprisen
Prisen blir tildelt ein person eller ei verksemd, privat eller offentleg, som har brukt forsking strategisk i innovasjonsarbeidet sitt, og slik skapt forskingsbasert innovasjon.

Her finn du skjema for å sende inn dine nominasjonar til dei fire prisane:

Bookmark and Share