For arrangører
Forskningsdagene
Nasjonal ledelse Forskningsdagene,
Norges forskningsråd,
Postboks 564,
1327 Lysaker,
telefon 22 03 74 44,
forskningsdagene(at)
forskningsradet.no


Facebook
Forskningsdagene

Vann Forskar grand prix og alle sine hjarte med hjartemedisin

26.09.2012

Doktorstipendiat Geeta Gulati frå UiO og  Akershus universitetssykehus vann  i går kveld Forskar grand prix Oslo med foredraget «Hjertesorg» av cellegift. No drar ho til landsfinalen i Tromsø saman med sølvmedaljevinnaren Anicke Brandt-Kjeldsen frå UMB.

Geeta Gulati tok ein klar siger i delfinalen for Oslo og Akershus i Forskar grand prix på Sentrum Scene i går kveld.  Både i hovudrunden og i superfinalen mellom dei fire beste, fekk ho 17 poeng frå dommarane. Også stemmene frå publikum gav henne sigeren for foredraget sitt om «Hjertesorg» av cellegift.  Med hennar eigne ord handla det om spørsmålet om det er mogleg at hjarteskade som er eit resultat av cellegift kan forhindrast. Kvinner som blir friske av brystkreft kan nemleg få dårlegare livskvalitet eller døy av skaden som cellegifta gir hjartet. Og ved hjelp av MR (Magnetisk resonans), hjarteultralyd og blodprøvar ser eg om hjartemedisin kan betra hjartefunksjonen, skriv lege og doktorstipendiat Geeta Gulati om sitt eige forskingsprosjekt.

Toppkarakter for engasjement
Gjennom ei glitrande oppvising og framsyning av prosjektet sitt på Sentrum scene, vann ho hjarta til både dommarane og publikum. Ho fekk ekstra honnør både for engasjementet sitt og for å bruka seg sjølv og levande personar i presentasjonen av forskingsprosjektet. Dessutan fekk ho også ei ekstra stjerne i boka for å ha understreka at ho enno ikkje veit sikkert om det er mogleg å utvikla ein hjartemedisin som kan betra hjartefunksjonen hos kvinner som har fått cellegift på grunn av brystkreft.

To til landsfinalen i Tromsø
Dermed fekk ho førstepremien, ein reisesjekk på 5000 kroner og plass i landsfinalen som går av stabelen i Tromsø førstkomande laurdag. Dit får ho med seg Anicke Brandt-Kjeldsen frå Universitetet for miljø- og biovitskap på Ås. Ho heldt to gode foredrag om « Selen, den undervurderte helsearbeideren». Kort fortalt er selen det grunnstoffet som sædcellene søm i.

Dei to andre som kom til superfinalen var også frå Universitetet i Oslo. Det var Heidi Østbø Haugen frå Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi og Pierre Lison frå Institutt for informatikk. Sentrum scene var fullsett under arrangementet, som blei leidd  av Hanne Karin Fossum, kjent som programleiar for Schrödingers katt.  I dommarpanelet sat viserektor Ragnhild Hennum og biologiprofessor Dag Olav Hessen frå UiO, Nina Kristiansen frå forskning.no og skodespelar Tove Skagestad.

Geeta Gulati og Anecke Brandt-Kjelsen kom på første og andreplass i Forsker grand prix Oslo og Akershus, og deltar i den nasjonale finalen i Tromsø 29. september.
Foto: Forskningsdagene, Sidsel Flock BachmannGeeta Gulati og Anecke Brandt-Kjelsen kom på første og andreplass i Forsker grand prix Oslo og Akershus, og deltar i den nasjonale finalen i Tromsø 29. september. 

Geeta Gulati med gavesjekken etter at hun vant delfinalen i Forsker grand prix, Oslo og Akershus.Geeta Gulati med gavesjekken etter at hun vant delfinalen i Forsker grand prix, Oslo og Akershus.

 

Bookmark and Share