For arrangører
Forskningsdagene
Nasjonal ledelse Forskningsdagene,
Norges forskningsråd,
Postboks 564,
1327 Lysaker,
telefon 22 03 74 44,
forskningsdagene(at)
forskningsradet.no


Facebook
Forskningsdagene

Kjenner du ein prisvinnar?

16.04.2013

Forskingsrådet deler ut tre prisar til forskarar. Kjenner du ein som fortener å vinne?

Forskingsmiljøa inviterast no til å sende inn forslag til kandidatar. Enkeltpersonar kan òg fremje kandidatar. Forslag til innovasjonsprisen og formidlingsprisen sendes til Forskingsrådet pr epost til post@forskningsradet.no.  Forslag til pris for framifrå forskning sendes som post. Forslaget må være fyldig begrunna og dokumentert. Innovasjonsprisen har eget skjema. Frist for å sende inn forslag er 14. juni 2013 Forskningsrådets prisar blir delt ut under Forskinga sin festaftan i Oslo Konserthus 18. september.

Forskingsrådet sine prisar

Forskingsrådet deler årleg ut tre prisar til forskarar: Prisen for framifrå forsking - "Årets Møbius", Formidlingsprisen og Forskingsrådets innovasjonspris.

Forskingsrådets pris for framifrå forsking - "Årets Møbius" Forskingsrådets pris for framifrå forsking skal lønne høg kvalitet i forsking, nasjonalt og internasjonalt. Prisen blir gitt på grunnlag av dokumenterte resultat, og skal vere ein inspirasjon til vidare innsats. Prisen femner alle fag og disiplinar, inkludert tverrfaglege miljø. Både enkeltpersonar og grupper av personar kan tildelast prisen. Prisen er på 1 million kroner.

Forskingsrådets innovasjonspris blir delt ut til ei bedrift eller offentleg verksemd som viser framifrå evne til å ta i bruk forskingsresultat og slik skape innovasjon. Vinnaren skapar verdiar – anten i bedriftsøkonomisk eller samfunnsmessig forstand. Forskingsrådet ønskjer å vise fram Noregs innovasjonsheltar og på den måten stimulere fleire til å drive med forskingsbasert innovasjon.

Kandidatar til innovasjonsprisen er bedrifter som har eller har hatt støtte frå Forskingsrådet sine næringsretta program. Ein jury beståande av både interne og eksterne personar kårar vinnaren. Prisen er på 500 000 kroner.

Forskingsrådets formidlingspris blir gitt til ein forskar som har utmerkt seg med levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast. Formidlinga skal vere allmennretta.

Ein kan gi prisen både for langvarig innsats og for enkeltståande tiltak, men det blir lagt vekt på den evna kandidaten har til å vere kreativ og nyskapande. Ein kan gi prisen for aktivitetar knytte både til pågåande eller avslutta forsking. Formidlingsprisen kan dessutan bli gitt til ein person som har gjort ein særleg innsats for å fremje norsk forsking og kva forskinga har å seie for samfunnet. Prisen er på 250 000 kroner.

Nils Christian Stenseth vann Forskningsrådet sin formidlingspris i 2012. Her saman med prisutdelar kunnskapsminister Kristin Halvorsen (t.h) og Petter Schjerven i Konserthuset.Nils Christian Stenseth vann Forskningsrådet sin formidlingspris i 2012. Her saman med prisutdelar kunnskapsminister Kristin Halvorsen (t.h) og Petter Schjerven i Konserthuset.


 

Bookmark and Share